Norsk English

Ådne Dyrnesli - Kvardagens ferjereiser

Årets ungdomsutstilling i Agatunet syner fotografiske verk av Ådne Dyrnesli - og kan opplevast i perioden 11. juni - 31. august 2017.

Om utstillinga
Båten var lenge det mest brukte framkomstmiddelet langs kysten og i fjordane i Noreg. Då bilen kom i fyrste halvdel av 1900-talet, erstatta bilferjene mykje av båttrafikken. Fjorden var ikkje lenger ei samlande ferdselsåra. Ferjene vart utforma med store vindauger, soldekk og salongar med kafeteria og røykerom. På veggane hang det landskapsbilete i fall vêret øydela for utsikta.

Bruer og tunellar erstatter i dag fleire og fleire av ferjesambanda. Ferjefri E39, frå Trondheim til Kristiansand skal halvera køyretida og korta strekninga med 50km. Ferjene er ikkje lenger effektive nok.

Bileta er tekne på ferjer i Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. Dyrnesli har freista gje eit bilete av kva ferjene er, kva dei har vore og kva som kan forsvinna.

Om utstillaren
Ådne Dyrnesli er opphavleg frå Hardanger, men er busett i Sogn og Fjordane. Dyrnesli har utdanning frå Universitetet i Oslo og Nordic School of Photography og har mellom anna bidrege til desse kollektivutstillingane:  

Limbo - Identities in transition, Oslo, 2015
Uncontaminated Oslo, Oslo, 2015

Les meir her