Torleif Bay

Torleif Bay er årets ungdomskunstnar i Agatunet. Bay stillar ut teikningar og fotografi.

Torleif Bay (fødd 1992) går 1. året på sin bachelor i kunst v/Kunsthøgskulen i Bergen, men er fødd og oppvaksen i Odda.

Han likar å arbeide eksperimentelt og ope. Arbeida han stiller ut i Agatunet er ein serie svart-kvitt-teikningar kor han har arbeidd intuitivt med form og masse, med penn eller blyant på ein todimensjonal flate. Dei er ikkje konkréte referansar til noko ein særskilt tematikk, men oppfordrar betraktaren til å lage eigne assosiasjonar i møte med verka.

Han stiller og ut ei rekkje abstrakte fotografi, kor han har iscenesett forskjellige situasjonar mellom ulike material, for så å prøve å fange dei med kameraobjektivet. Lys, skugge og volum er sentrale element i denne prosessen.