Norsk English

Miserabiles Personae - dei svake i samfunnet

Lurer du på korleis det var å vera barn i mellomalderen? Utstillinga Miserabiles Personae fortel om kong Magnus Lagabøtes banebrytande landslov av 1274, og korleis lova ved å gje rettsvern til utsatte grupper endra dei sosiale vilkåra i samfunnet. Kom og opplev ei spanande aktivitetsutstilling for born og vaksne som fortel om samfunn, barndom og oppvekst i mellomalderen.

Utstillinga fortel om barndom og liv i mellomalderen, og om kong Magnus Lagabøtes banebrytande landslov av 1274. For fyrste gong fekk Noreg ei landsdekkande lov, og for fyrste gong fekk utsatte grupper i samfunnet rettvern gjennom den. Ei felles lov styrka kongsmakta og nasjonsbygginga, og at tanken om ei felles minimumsrett for alle fann vegen inn i lovverket var beint frem revolusjonerande. Slike tankar og verdiar ligg til grunn for velferdsstaten slik me kjennar den i dag.

I utstillinga møtar du og Sigurd Brynjulvsson Aga, riddar, lagmann og riksråd - og godseier på Aga. Han tilhøyrde ei maktelite med sterke band til kongsmakta, og hans liv og vitne ber vitne om at Hardanger og Aga har hatt ei sterk posisjon. Han var lagmann i ei spanande tid der vervet vart utvida, samfunnet endra seg sterkt, og deltok aktivt i praktiseringa av den nye lova.

Utstillinga er ei vandreutstilling laga av Norsk barnemuseum i samarbeid med Landslovprosjektet og Universitetet i Bergen.

I samband med utstillinga kan du og sjå landslovinspirerte verk av Anne Hesvik.

Me tilbyr undervisningsopplegg for barnehage, småskule, mellomtrinn, ungdomsskule og vidaregåande skuler.

Grupper som ynskjer tilrettelagte opplegg må gjerne ta kontakt!

Lyst å sjå utstillinga fleire gongar? Kjøp sesongkort, og få gratis kaffi/te i kafeen samstundes.

logo Landslovprosjektet     Logo Norsk Barnemuseum/MUST