Norsk English

Kunstutstillinga 2017

Kunstutstillinga i Agatunet syner verk av Håkon Bleken, Gunnveig Nerol, Eli Raa Nilsen og Sally Nossen.

Håkon Bleken er ein av Noregs fremste samtidskunstnarar. Han er representert i sentrale galleri og museer, og har utført omfattande utsmykningsoppgåver. Bleken vert ofte skildra som ein litterær måler, ein som fortel historier i bileta sine, ein som har ein bodskap.

Gunnveig Nerol er biletkunstnar og bur og arbeider i Hol i Hallingdal. I sommarutstillinga ved Agatunet viser ho glasmåleri, teikningar og måleri.
Nerol sitt arbeid spenner over fleire teknikkar og uttrykksformer. Dei er undersøkingar av tema, men og refleksjonar over erfaringar. I det abstrakte biletet har ho skapt eit uttrykk å fortelje og reflektere i.  Det konkrete blir utforma abstrakt, og det abstrakte kan lesast konkret.

Eli Raa Nilsen leitar etter ein mytisk dimensjon i det fleirtydige i sine måleri, der eit uklårt mangfald møter det presise og enkle. Liksom i musikken at det skal klinga i takt, så og seia. Målet er at måleriet vert ei sanseleg oppleving og at det moderne samfunnet si utflatande kraft kan dempast og gje plass til stemningsmette. Anten ho fokuserer på barndom og livskraft, eller kun på natur; Eventyrleg jubel, daglegdags ljos, liv og himmel. Det er slikt ho ser etter. Dialogen i biletet vert ei gåve i måleprosessen, ei glede i einsemda.

Sally Nossen er keramikar busett i Oslo. Ho stillar ut koppar, skåler, vaser og mugger.

 

Flere bilder

  • Eli Raa Nilsen, Frigjering
  • Sally Nossen, kopp
  • Gunnveig Nerol, Utanfor rommet 3
  • Eli Raa Nilsen
  • Gunnveig Nerol, Tingenes tilstand
  • sally Nossen, vase