Norsk English

Kunstutstillinga 2016

Kunstutstillinga i Agatunet syner verk av Line Hvoslef, Siri Kvalfoss, Klara Sofie Ludvigsen, Abel K. Sawe og Sigrid Øyrehagen.

Line Hvoslef arbeidar innanfor eit malerisk, fabulerande biletspråk i skjeringspunktet mellom det figurative og det nonfigurative. Ved å kombinera organiske og maskinliknande former i bileta søkjer ho å skapa uutgrundelege møte mellom natur og teknologi. Bileta spenner frå små collagar i blanda teknikk, til store arbeid i olje på lerret. Hvoslef er utdanna i Bergen og England. Ho har hatt ei lang rekkje separat- og kollektivutstillingar, og har utført fleire større offentlege utsmykkingar.  I 2015 fekk ho Statens 10 årige stipend for etablerte kunstnarar.

Siri Kvalfoss utdanna gullsmed, men fekk ikkje heilt uttrykt det ho ynskte gjennom den tradisjonelle måten å jobba på. Ho gjekk difor vidare, to år ved Alchimia i Firenze og jobbar no med smykke i ulike materialer. Ho har verksted i Odda.

Klara Sofie Ludvigsen er utdanna ved Kent Institute of Art and Design i England, med utveksling til Universitat Politècnica de Catalunya, Barcelona. Ho arbeider med fotografi og er interessert i det fysiske aspektet både ved arbeidet og opplevelinga av det fotografiske mediet. Ho arbeider mykje med eldre og analoge prosesser som storformat og mørkerom. Klara Sofie Ludvigsen bur og arbeider i Bergen kor ho er del av atelierfellesskapet BLOKK.

Abel K. Sawe bur og arbeider i Fredrikstad. Han har bakgrunn frå Kenya der han arbeda ved ei finsk glasshytte. Seinare vart det utdanning i Sverige og arbeid ved mellom anna Hadeland Glasverk før han vart medeigar i Glasshytta i Gamle Fredrikstadi 1990. Sawe har ein rekkje utstillingar bak seg, mellom anna i Agatunet.

Sigrid Øyrehagen viser monotypier. Heile kunstarskapen har ho arbeid med interiørmotiv, ofte frå gamle rom. Det er noko eige med desse stille gamle romma der lyset kan komma så klart inn, og det er rikeleg plass til skuggar og fortid. Møblane er fint gjordt og har si eiga historie. Ho har latt seg inspirera av mange ulike slike rom, og tenkjer at desse bileta kjem tilbake til utgangspunktet når dei vert stilt ut i Agatunet.

Flere bilder

  • Sigrid Øyrehagen, Monotypi
  • Klara Sofie Ludvigsen, Tallerkenverk
  • Siri Kvalfoss, Smykke
  • Line Hvoslev, Periskop II
  • Abel K. Sawe, Villvin