Norsk English

Gåva frå mor - bunad i fem generasjonar.

Det er ei stor glede for Agatunet å kunna visa bunadutstillinga Gåva frå mor. Alle dei vel 200 kleda og tinga i utstillinga Gåva frå mor kjem frå same familie, og vart gitt til Agatunet av Mildrid Fagertveit i 2006.

Oldemor til Mildrid, Ingebjørg Johannesdotter Aga vaks opp i Agatunet. Ho var fødd i 1830 og var yngst av ni sysken. Ingebjørg vaks opp i ei tid då mange av distrikta i Noreg framleis hadde si lokale draktskikk. Klesskikken omfatta alle kleda ein brukte, frå kvardag til høgtid, frå vogge til grav. Slike lokale draktskikkar kallar ein no for folkedrakter.

Seinare vart desse draktene tatt i bruk som bunad. Gåva frå mor gjer eit unikt innblikk i kva plagg som har vore nytta som folkedrakt og seinare som bunad gjennom dei siste 150 åra. Utstillinga er ope kvart år i sesongen.



Flere bilder

  • Gåva frå mor 1, Elisabeth Emmerhoff
  • Gåva frå mor 2, Elisabeth Emmerhoff
  • Gåva frå mor 3, Elisabeth Emmerhoff
  • Gåva frå mor 5, Elisabeth Emmerhoff
  • Gåva frå mor 6, Elisabeth Emmerhoff
  • Gåva frå mor 4, Elisabeth Emmerhoff