Norsk English

Kunstutstillinga 2015

Kunstutstillinga i Agatunet syner Glashytta i Setesdal saman med biletkunstnar Kathleen Lotherington og fotograf Åsne Digranes.

Glashytta i Setesdal ved Inger Tone Homme og  Tor Birger Egge.Dei blåser på frihand, dvs.utan hjelp av maskiner og former. Alt glas vert blåst og forma på augemål. Dette er måten glas har blitt forma på i fleire hundre år. Ein finn utval av glas vinglas i ulike storleikar, ljosestaker, boller, vaser og fat. Ved bruk av fargar, gravering og sandblåsing er mulighetane mange. Homme fortel: Alt som 14-åring vart eg fasinert av glas. Det var flytande masse, vakre fargar og varmen! Fyrste gong eg fekk nærkontakt med glas var på glasskulen i Kosta-Sverige. Då visste eg det var glas eg skulle arbeide med. Eg har opplevt og lært mykje, for glaset har gjeve meg eit liv på flyttefot. No kan eg saman med Tor Birger blåse glas på Bygland. Draumen har blitt virkelig. Egge seier: Eg tok til som 15-åring ved Hadeland Glassverk. Der byrja eg som læregut og arbeidde gradane opp til mester. Eg har vore med på utvikling av produkter i nært samarbeid med designere. Har også arbeid med kunstglas/unika. Etter 19 år ved glasverket slutta eg for å starte glashytte på Bygland saman med Inger Tone.

Kathleen Lotheringtoner biletkunstnar. Uttrykk og virkemidlar er lågmælte, nærast som eit kviskrande bodskap. Likevel utstråler bileta stor kraft. Dei svake blå og rosa fargene antyder ein viss melankoli. Men framfor alt uttrykker bileta konsentrasjon og alvor. Med sin repeterande motivkrets får dei også eit meditativt uttrykk - som om kunstnaren gjentek sitt mantra for stadig å gå djupare ned i menneskesinnet. Lotherington seier: Jeg lager mine bilder over tid slik at de kan stå lenge før jeg jeg arbeider videre på dem. Bildene blir til i kontakt med det underbevisste.

Åsne Digranes er fotograf. Til utstillinga har ho med foto frå prosjektet Fabrikkens poesi. Digranes skriv: På 1800-talet var Odda eit bondesamfunn og etterkvart ein turiststad som m.a. er bevart i oddingen og bergensfotografen Knud Knudsen sine fotografi. Omkring århundreskiftet kom industrien til Odda og turistane reiste forbi den tidlegare så vakre bygda innnerst i Sørfjorden. I 1906 vart det første smelteverket i Odda bygd. Folketalet auka og Odda vart ein industristad. Smelteverket var stor sett idrift frå 1906 til 2002. I oppveksten min i Odda var Smelteverket eit lukka samfunn med høge gjerde og stengte portar. Med nedleggina av fabrikken er området vorte åpna for meg. Eg har fått høve til å sjå fragment av det som ein gong var Odda Smelteverk. Inntrykka frå dette møtet med den nedlagde fabrikken er utstillinga som eg har kalla Fabrikkens poesi. Dei forlatte bygningane fortalde historia om ei tid som ikkje lenger er. Desse opplevingane har eg ønskt å uttrykkja i bileta mine.

 

Flere bilder

  • Glashytta i Setesdal
  • Glashytta i Setesdal
  • Åsne Digranes
  • Åsne Digranes
  • Kathleen Lotherington, Åpent rom