Norsk English

Hans Olav Aarvik

Hans Olav Aarvik er årets ungdomsutstillar i Agatunet. Utstillinga har hovudvekt på måleri og tematiserer tilveret sin absurde framtoning, kunsten sin funksjonalitet og røyndom.

Hans Olav Aarvik frå Lofthus i Ullensvang går andre året på kunstskulen i Kabelvåg, og skal frå hausten av studera ved kunstakademiet i Bergen. Til Agatunet kjem han med måleri, eit eige verk laga for Agatunet og videokunst.

Hans Olav fortel: Den eine delen av utstillinga er portrett basert på foto. Tematisk handlar dei om samfunnstendensar eg tykkjer er interessante, som f.eks. teknologien som tar større og større del i liva våre, forskjellar rundt kjønn og samspelet mellom dei.  I dei nyaste måleria mine har eg gått meir inn i meg sjølv. Dei er refleksjonar rundt mi oppleving av verda. Eg baserer dei kun på skisser og har fokusert meir på romma og landskapa rundt menneska. Det har vore ein meir open prosess, og eg har brukt lite tid på forarbeid. I dei fleste tilfella har eg laga fleire versjonar av same motiv og kokt ned til essensen og raffinert. I desse bilda har eg heller ikkje noko konkret bodskap, men ønskjer å skape undring, eller berre sette ei stemning. Eg vil delvis gi ei oppleving på sjåarens premissar, istadenfor att sjåaren opplever kun på mine.