Norsk English

Kunstutstillinga 2014

Kunstutstillinga i Agatunet opna laurdag 10. mai. Me presenterer keramikar Elisa Helland-Hansen saman med biletkunstnarane Ørnulf Opdahl og Robert Speight.

Elisa Helland-Hansen er keramikar med utdanning frå Bergens Kunsthåndverkskole. Ho har ein rekkje utstillingar og utmerkingar bak seg. Hausten 2012 flytta ho til Seimsfoss i Kvinnherad etter 32 års virke som keramikar i Bergen. På Seimsfoss har ho bygd ny, ljos og romleg keramikkverkstad som no er i full drift. Til utstillinga i Agatunet synar ho arbeid som representerer produksjonen hennar over mange år. Ho føretrekk kvardagsting som kan nyttast i det daglege både på kjøken og til servering av mat. Her finn ein skålar, koppar, tekanner, mugger og eldfaste former. Nokre av arbeida er brend i vedfyrd omn hjå kollega i Sogn, medan andre er brend i gassomn på Seimsfoss.

Ørnulf Opdahl frå Ålesund er biletkunstnar. Han er ein allsidig kunstnar som spesielt er kjend for sine naturlyriske, mystiske bilete, gjerne med havet som tema. Han fekk gjennombrotet sitt på 1960-talet etter utdanning ved Statens Håndverks- og Kunstindustriskole og Statens Kunstakademi, og han har hatt ei rekkje kollektiv- og separatutstillingar i både inn- og utland. Frå 1985 til 1992 var han professor ved Statens Kunstakademi. Etter mange år i Oslo bur og arbeider han no på Godøy i Giske kommune. I Agatunet stiller Opdahl ut fleire grafiske verk.

Robert Speight er utdanna ved St Martins and Central Schools of Art i London og har studert kunstpedagogikk ved London University. Han har hatt nære band til Hardanger sidan 1966. I utstillinga synar han teikningar og maleri har kome til dei siste åra, med tanke på større maleri av same slaget. Speight har hatt utstilligar i Hardanger ved fleire høve.

Flere bilder

  • Elisa Helland-Hansen
  • Ørnulf Opdahl
  • Robert Speight 1
  • Robert Speight 3
  • Ørnulf Opdahl,2
  • Robert Speight 2