Inspirert 1814

Agatunet har fleire gonger skipa til utstillingar laga av born og unge. For å gje støtte og inspirasjon til vidare kunstutvikling, har me kvart år ein eigen ungdomsutstilling. I samband med Grunnlovsjubileet 2014 inviterer Agatunet denne gongen alle ungdomsskulane i Hardanger til eitt felles prosjekt.

Kvar skule eller klasse vel eit kjent norsk kunstverk - eitt som de ser som sentralt i samband med  indentitetsbygginga av Noreg og/eller som kunsthistorisk viktig i denne perioden. Med utgangspunkt i dette biletet skapar klassen eit nytt verk.   

Mål med prosjektet er å nytta det nasjonale Grunnlovsjubileet 2014 til å setja fokus på norsk kunsthistorie dei viktige siste 200 åra, og å samla alle ungdomsskular i Hardanger i eitt felles utstillingsprosjekt.
 
Prosjektet inngår i Grunnlovsjubileet 2014. Verka vert stilte ut i Asbjørnsløa i Agatunet, eit godt eigna utstillingslokale. Utstillinga vil stå frå midten av mai til midten av august.

Prosjektet er støtta av Hardanger 2014 og Sparebankstiftinga Hardanger

logo Hardanger 200