Norsk English

Kunstutstillinga 2013

Årets sommarutstilling syner verk av dei fem kunstnarane og kunsthandverkarane Lisa Him Jensen, Linda Lid, Johild Mæland, Solveig Stentvedt og Grethe Unstad.

Grethe Unstad har utdanning frå Kunstskolen i Kabelvåg og Vestlandets Kunstakademi (KHiB), avgangsår 1992. Ho har i tillegg til eigen kunstnerisk praksis, vore ein del av den faste undervisingsstaben ved Kunstskolen i Bergen (KiB) der ho og har vore rektor, 2005-10. Ho har stilt ut sidan endt utdanning i 1992, utført fleire utsmykkingsoppdrag, vorte kjøpt inn til ulike samlingar og mottatt ei rekkje stipend. Om utstillinga i Agatunet seier ho:

-I mine arbeider har alltid fargen og billedrommet stått sentralt og vært drivkraften for maleriske undersøkelser. Motivkretsen er hentet fra hverdagen og de nære omgivelser, familiefoto eller ting jeg er omgitt av. De ulike elementene blir satt i kontrast til fargeflater, slik at det oppstår en spenning mellom figurasjon og abstraksjon. Det er dualiteten mellom rom og flate og den formale bearbeidingen, som skaper dynamikk og blir den bærende gestalten i maleriene. Det ligger en fascinasjon av det nære, trivielle og prosaiske som jeg vil undersøke visuelt innen maleriet.

Johild Mæland er biletkunstnar og dekormalar med utdanning frå UiB, Master i kunsthistorie, Nordisk Akademi for dekorativt Måleri, Mjölby, Sverige og Kunstskolen i Bergen. Ho har arbeidd med dekormaling og biletkunst sidan 1979.

-Eg startar gjerne ein arbeidsprosess utifrå ein lausleg plan om korleis det ferdige bilde skal bli. Først set eg saman mønster, motiv og border til eit skisseaktig system. Deretter kjem ofte ein tidkrevjande prosess der enkelte element gjerne vert tatt vekk, nye lagt til, andre delvis malt over, eller flytta omkring, - inntil det utkrystalliserer seg eit interessant samspel mellom dei elementa på flata. Arbeidet vekslar mellom plan og intuitive innfall. I dei fleste av maleria ligg det derfor mange ulike bilde under overflata. Maleriet har ofte endra seg fleire gonger, før det endeleg har funne si form, - og er klar for andre sine augo.

Linda Lid er keramiker med eigen vekstad på Voss. Ho har utdanning frå Auckland Studio Potters, New Zealand 1996-1997 og har gått i lære ved fleire framståande franske atelier over ein fireårsperiode, med spesialisering innan vedfyring. Medlem av Norske Kunsthåndverkere.

Lisa Him-Jensen er biletkunstnar, uteksaminert frå KHiB i 2009. Ho arbeidar med teikning, måleri og tekst. Kunsten tek utgangspunkt i kvardagens katastrofar, like uutgrunnelege som kva som helst av universets mysterie. Sosial mislykking er ein tragedie, samfunnet er eit prestasjonssamfunn. Ein gjer klokt i å prestera. Dette trenger inn også på det personlege planet, heile vegen inn i sjela.

Solveig Stentvedt er utdanna biolog/botanikar, med spesialisering innan jordbrukets kulturlandskap frå Uib. Ho har drive eigen tekstilverkstad med produksjon av strikkeklede. I utstillinga syner ho unika strikkeplagg.


Flere bilder

  • Detalj av tunika, Solveig Stentvedt
  • Blå, akryl på lerret, 50x50cm, Johild Mæland 2013
  • Ved hagebordet, 115x90cm, Grethe Unstad 2011
  • Lisa Him Jensen
  • Linda Lid