Norsk English

Kunstutstillinga 2012

Agatunet er stolt over å kunna presentera fygjande kunstnarar under årets kunstutstilling: Lars Korff Lofthus, Leander Djønne, Felieke van der Leest, Linda Mowinckel Nielsen og Rudolf Kraft. Utstillinga opnar 12. mai og står til 12. august.

Lars Korff Lofthus (1978) frå Ullensvang er utdanna ved Nordiska Konstskolan, Finland, Kongelige Danske Kunstakademi og Kunsthøgskolen i Bergen, avd. Kunstakademiet, der han gjekk ut i 2009 med ein mastergrad i kunst. Han produserer primært måleri, men arbeider også med skulptur, tekst og installasjonar. Karakteristisk for arbeida er ei forenkla og absurd tilnærming til etablert meining og populærkultur. Innhaldsmessig opererer Lofthus med motstridande element frå gardsoppvekst og urbanitet, grensa mellom alvor og det meiningslause, romantisert rastløyse og vissa om at det ikkje går bra til slutt.

Leander Djønne (1981) frå Odda er utdanna ved Statens Kunstakademi i Oslo og Vestlandets Kunstakademi i Bergen, Staedelschüle Frankfurt am Main (prof. Wolfgang Tillmans) og Malmö Konstakademi der han fekk sin MFA i 2007. Dei siste åra har Djønne vore involvert i ein kunstpraksis som rørar seg mellom ei rekke medier - film, installasjonar, tekst, performance, fotografi og undervising. Dette er ei kontinuerlig kunstnarisk utforsking av politiske og historiske forhald og kunnskapsproduksjon. For å gjera dette tek han i bruk konseptuelle og metodologiske metodar lånt frå kunstnarisk og akademiske praksis som film, poesi, teater, lingvistikk og journalistikk.

Felieke van der Leest (1968) er ein internasjonalt anerkjent smykkekunstnar frå Nederland, og har de siste åra budd i Hardanger. Ho har styrka smykkefaget ved å bruka teknikkar frå tekstilarbeid. Ved å kombinera desse med gull, sølv og plastikk har ho gjennom 15 år utvikla sitt eige spesielle uttrykk. Frå oppveksten tok ho med seg inntrykk frå den lokalen dyrehagen ho ofte vitja, til liks med kunnskapen og erfaringane frå utdanninga i smedfaget i Schoonhoven og kunstakademiet i Amsterdam som og har vore viktig. Ser ein bort frå det tydeleg humoriske i arbeida hennar, finn ein tidvis og ei uventa alvorleg side. Vår tids tema som miljø, vår handtering av dyr, og alle typar sosiale problem vert også handsama. Det er eit sterkt ynskje hos Felieke at smykka skal vere berbare, og ofte får beraren ganske mye merksemd, for ein må trekke på smilebandet i møtet med smykka hennar!

Linda Mowinckel Nilsen (1958) frå Bergen er keramiker, med bachelor innen kulturfag,PPU utdanning og erfaring frå undervisning. Ho har arbeidd med brukskeramikk som kopper og fat sidan ho gjekk ut frå BKHS og flytta til Telemark i 1984. Ho er opptatt av form og funksjon, historiefortelling og overflate, og arbeidar med blåleire, begitning, transparent glasur og sgrafittoteknikk. Nilsen seier: - Jeg elsker å arbeide med kopper. Formen har utviklet seg gradvis og er blitt frodigere og bedre over tid. Min dekor er alltid forskjellig og jeg lar meg inspirere av det meste. Gjennom keramikken ønsker jeg å fokusere på humor og glede. Koppene mine er personlige, unike og i nærhet og dialog med brukerne. Keramikken lever sitt eget liv og gir et meningsfylt arbeid.

Rudolf Kraft (1951) er spesialist i allmennmedisin og har vore kommunelege i Ullensvang.  Han er og fotograf som sidan 1997 har arbeidd med tematisk fotografi (portrett, akt, alder,landskap) mest i svart/hvit og fortsatt analogt. Kraft seier: -Som amatørfotograf og hobbysnikkar hadde eg ein idé om å laga ei individuell ramme for kvart einskild foto. Med dette skulle rammen ikkje berre komplettere biletet, men begge deler skulle vera likeverdige delar av ein heilheit. rammene speglar element frå biletinnhaldet som material, struktur eller fargar.

Flere bilder

  • Lars Korrf Lofthus
  • Felieke van der Leest 3
  • Felieke van der Leest 1
  • Felieke van der Leest 2
  • Linda Mowinckel Nielsen
  • Rudolf Kraft