Norsk English

Søt, saftig sommarskrud

Eit kunstnarfellesskap frå Drammen vert årets utstillarar i Agatunet. Ingema Andersen, Live Helgeland, Kari Ulleberg og Gro Kollandsrud kjem til Agatunet med smykker, sylv og tekstilar.

Dei fire kunstnarane har latt seg inspirera av det frodige og saftige og søte. Her bugnar det både av smykke, sylv, glas og sjal.

Smykkekunstnar Ingema Andersen arbeidar med smykke i ulike material som plast, gummi, papir, tekstil og sylv. Fellesnemnaren er fargerike gjenbruksmateriale. Plastfoliane er henta frå diverse permar og plastlommer. Det transparente materialet "spelar" mot sølvet og gjev eit lett og luftig uttrykk. Strømpene i eit mangfald av farger, mønstre, kvaliteter og teksturer kallar på minne og assosiasjonar.

Gro Kollandsrud kjem med smykke, skeier og små korpusgjenstandar i sølv. Ornamentikken tek utgangspunkt i fruktbløming, frukt og bær. Formen på gjenstandane framhevar materialet og teknikken. Det siste kan ein sjå i skeiene som vert smidd frå bolt med teknikk som vart nytta før den industrielle revolusjon. Både smykka, skeiene og korpusgjenstandane er bruksting; smykka til å bera på seg, medan syltetøy-, gele- eller sukkerskeier, salt-, pepper- og sukkerbøsser er smykke til å ha på bordet.

Live Helgeland arbeidar mykje med sjal og skjerf i tillegg til dekorative tekstilar.
Sjal er den enklaste formen for klede, men kan ha fleire funksjoner. Sjalet kan vera eit varmt plagg til å ha rundt halsen eller til å svøpa seg inn i, eller det kan vera som eit tekstilt smykke. Eit sjal skal uansett være mykt og behagelig å bera, og ha eit vakkert fall. Ho vever tynne lette sjal og skjerf i silke. Garnet farger ho sjølv. Ofte vever ho inn perler, etter inspirasjon av perlebroderia på hardangerbunaden.

Kari Ulleberg driv glashytte i Drammen. Ho er opptatt av at det ho lagar for ein plass i kvardagslivet til folk. Ho vil sjå at glasa vert nytta, vaska og tørka. Det er verdien til dei tinga som aldri kjem innst i kjøkenskåpet, men som står framst og smilar til deg når du opnar døra. Me har so mange likesæle ting, og Kari vil ikkje laga fleire!

Flere bilder

  • Ingema Andersen 1
  • Ingema Andersen 2
  • Ingema Andersen 3
  • Gro Kollandsrud 1
  • Gro Kollandsrud 2
  • Gro Kollandsrud 3