Norsk English

Kunstutstillinga 2010

Det vert stor variasjon i årets kunstutstilling, frå teikneserier til keramikk og biletkunst.

Jorunn Hanto-Haugse
Med utgangspunkt i oldefaren sitt gamle Amerikaalbum har Hanto-Haugse måla ein serie portrett i ein blanding av akrylmåling og spraymåling/sjablong. Bakgrunnen på desse er alltid fjorden og landskapet i og kring Hardanger. Haugse stiller og ut teikneseriar.

Johanna og Jens Anders
Dei to keramikkdesignarane har atelieret sitt "anders Keramikk" i Putbus på øya Rügen i Austersjøen. Med bruk av kreative fasongar og fargar tilfører dei kvardagslege gjenstandar nytt liv.

Lars Petter Røsberg
Bygda og naturen rundt Vikebygd er viktige motivval i måleria/akvarellane denne kunstnaren skal delta med i utstillinga på Agatunet. Han tek utgangspunkt i at fjorden er eit viktig element for bygda på fleire plan, den er i synsfeltet heile tida for alle som bur der.

Judy Sirks Vevle
Sidan ho flytta til Hardanger har Sirks Vevle arbeidd med naturen som motiv og tema. Klassiske naturmotiv frå Hardanger er gjerne romantiske og vakre. Judy sine bilete viser ein meir stilisert, mørk og mystisk natur.

Wim van den Toorn
Allereie då kunstnaren budde i Nederland var Noreg og Vestlandet ein av hans store inspirasjonskjelder. Van den Toorn ynskjer i kunsten å gjenskapa den norske atmosfæren, landskapet og lyset.

Flere bilder

  • Johanna og Jens Anders
  • Jorunn Hanto Haugse