Åkle

Asbjørnsløa opnar igjen etter omfattande takreparasjon. Vikebygd og Aga bygdekvinnelag innvier løa med ei stor åkleutstilling.

Bygdekvinnelaget har vore rundt hjå medlemmane og samla inn fleire åkle. - Det er mange som har fine åkle liggande heime, som ikkje vert vist fram, seier Kristi Hagen frå bygdekvinnelaget. Me ville laga ein utstilling der desse skattane kunne koma fram i ljoset. Kan hende vert det ein inspirasjon til å veva sjølv, seier Hagen og fortel at det er plass til fleire i vevstova i Agatunet.

Flere bilder