Canoot! - På Aga kan ingen høyra deg le...

Fredag 5. juni klokka 18.00 opnar Knut Nerheim Bergene salsutstilling i Agatunet. Den unge teikneserieskaparen stillar ut einrutarserien Canoot!.

Agatunet har ved fleire høve late unge, nyetablerte kunstnarar få stilla ut i det ærverdige tunet. I år er det Knut Nerheim Bergene som får sjansen. Bergene er 33 år, og oppvaksen i Tyssedal og Odda. For tida bur han i Bergen saman med sambuar og to born, og har nett avslutta andre året av bachelorutdanninga i visuell kommunikasjon ved Kunsthøgskolen i Bergen.

Bergene har vore interessert i teikning og humor i mange år. Sidan 2001 har han hatt fast teikneoppdrag for sin gamle arbeidsgivar Tinfos Titan & Iron KS i Tyssedal, der han leverar jobbrelatert humor til internbladet Rørposten. Han har og publisert på Nettserier.no, ein nettstad for unge, lovande serieskaparar.

I Agatunet stillar han ut originalar av einrutarserien Canoot! Med denne serien deltok han i VG sin teikneseriekonkurranse i fjor. Serien vart blant dei 25 beste og vart presentert i nyttårsbilaget til VG i 2008, samt i Pondus nr. 2 2009. Sidan har han helde fram med å teikna nye ruter, i håp om å bygga seg opp ein stabil serie. - Kanskje nokon er sprø nok til å publisera den, seier han. Utstillinga står i Jakobsbui, og vert å sjå fram til 16.august.

Flere bilder

  • Knut Nerheim Bergene