Norsk English

Takvøla på Lagmannsstova

Hausten 2015 vart det lagt nytt tak på Lagmannsstova.

Det var då 200 år sidan sist bygget fekk nytt tak. Dei beste fagfolk innan tradisjonshanverk var knytte til projektet. 

I samband med restaureringa vart det også utført dendrokronologiske prøvar på materialet i bygningen. Jan Michael Stornes frå NIKU tok til saman 39 prøvar på ulike bygningsdeler. Prøvane vart analyserte på NTNU Vitenskapsmuseet av Terje Thun.

Resultatet viste at Lagmannsstova vart reist ein gong mellom 1220-1230 - fleire tiår tidlegare enn ein har trudd.

Meir om restaureringa kan du sjå her:

https://www.youtube.com/watch?v=brJuXG1P_ck&t=20s