Løetaka

Dei tre helletekte løetaka i Agatunet har vore ei stor utfordring. Korleis skal ein handtera heller som veg opp mot 500 kg? Korleis ser det eigentleg ut under hellene, med taksperr som ikkje har vore skifta på nærare 200 år?

Takka vere eit utmerka samarbeid med byggmeister Håkon Kvestad as gjekk arbeidet med helletaka mykje betre enn frykta. Kvestad investerte mellom anna i to spesialtilpassa kraner som gjorde det mogleg å lyfta ned hellene utan å riskiera liv og helse.

Arbeidet med taka har vore åsted for fleire kurs og samlingar der museet sine handverkarar, lokale handverkarar og andre interesserte har lært, utvikla og utveksla kunnskap.

Me rettar ein stor takk til Riksantikvaren og Hordaland fylkeskommune som har løyvd pengar til restaureringa, og til byggmeister Håkon Kvestad as for det gode samarbeidet over fleire år.

Flere bilder

  • Dei tunge hellene takast ned med kran
  • Dei gamle sperra var svært dårlege
  • Dei største hellene veier over 500 kg
  • Hellene er tatt ned. No må ein vurdera kor mange sperr som bør skiftast
  • Ei helle vert festa til kranen
  • Taksperr som var overmoden for utskifting
  • Tilhogging av nye sperr
  • Nye sperr er komen på plass
  • Nesten alle sperra måtte skiftast