Norsk English

Restaureringsarbeid

Agatunet er eit freda kulturminne. Museumsdelen av tunet omfattar omlag 30 hus som alle har trong for vedlikehald, restaurering og sikring.

Det er eit omfattande arbeid å halda dei 30 bygga i god stand, slik at dei vert bevart for ettertida. Særleg har me vore opptatt av, og uroa for, dei tre store helletekte løetaka. Takka vere midlar frå mellom anna Riksantikvaren, Hordaland fylkeskommune, Abm-utvikling og Uni-fondet har ein no komen lang i arbeidet med å restaurera fleire av taka og å sikra tunet mot brann.

Arbeidet vert gjort etter prinsipp om prosessuell restaurering, der ein søkjer å utføra arbeidet på same måte og med same materiale som då husa vart bygd. Ein må vurdera nøye kor mykje som må skiftast ut og kva som skal stå att av originalt materiale.

Flere bilder