Norsk English

Velkomen til fest i Agatunet

Agatunet leiger ut fleire av lokala til festar og møte. Her serverar me mat og drikke etter ynskje, og kan også by på sidersmaking, omvising og musikalske innslag.

Det freda klyngetunet gjev ei heilt eigen råme kring arrangementet anten det er konfirmasjon, brudlaup og dåp, eller jubileumsfeiringar, firmafester, møter eller ei stund med gode vener.

Det meste av det de treng å vita for å planleggja ein tilstelling i tunet finn de  omtalen under. Her finn de prisar, retningsliner og skildring av kva Agatunet har å by på. Har de spesielle ynskjer utover det som står omtalt ordnar me det meste.

Spørsmål, eller ynskje om å leiga tunet? Kontakt oss på tlf: 47479902 / 47479884, eller på e-post: agatunet@hvm.museum.no  / post@hvm.museum.no

Filer

Flere bilder

  • Borddekking i Lagmannsstova
  • Borddekking i Lagmannsstova
  • Frå Grønastova, foto Silje Solvi
  • Frå kafeen, foto Silje Solvi