Dronningkvann og sjeldne fruktsortar

Våren 2005 gjekk det store arrangementet Streif av stabelen i Vikebygd. Dronning Sonja kom til Agatunet planta kvann saman med Det Norske Hageselskap.

Kvann har ein lang historie i Noreg. Allereie frå sagatida har me opplysningar om bruken. Frå 1500-tallet spelar planten ein stor rolle i folke- og skulemedisinen. Kvann vart ofte dyrka i egne kvanngardar ved tunet. I urtehagen veks det og andre historiske mat - og medisinplantar. Mange av desse vert nytta i kafeen i Agatunet, og når me serverar gjestene våre i dei freda husa.

I Agatunet veks det fleire sortar historiske roser kring husa. Her veks og mange gamle frukttre, med kirsebær, eple, pære og plommesortar som no har vorte sjeldne.

Flere bilder

  • H.M. Dronning Sonja plantar kvann i Agatunet
  • Plantefarga, handspunne garn
  • Frå urtehagen
  • Det veks fleire gamle rosesortar i Agatunet
  • Urtehagen