Norsk English

Riddarklubben

Ta med borna på Riddarklubben i Agatunet!

Kjellaren på Lagmannsstova, huset der det ein gong budde ein ekte riddar, har blitt til klubblokalet. Her kan ein for eksempel teste riddarhesten, prøve ut ein ekte kongestol, kle seg ut som riddar eller vakker jomfru, byggje borg, teikne, lese, uforske rommet mm. 

Nye medlemmer vert slått til riddar og får overrekt riddarbevis. Klubben er open for alle born frå ca 4 - 12 år, medlemskap kostar kr 50 pr år.

Bakgrunn

I Riddarklubben vil me ta vare på og utvikla born si interesse for historie på  lystbetont og leikande vis. I sentrum står den heilt spesielle historia knytt til Sigurd Brynjulvson, riddaren og langmannen som budde i Lagmannsstova på Aga. Gjennom året vert det klubbmøte med ulike aktivitetar, test av riddarutstyr, riddarfilmkveld mm. Følg med framover!

Ein riddar var ryttar og krigar. Men det var viktig at ein riddar stod fram som eit godt eksempel på høvisk åtferd, på å vere respektfull overfor andre og ta vare på dei som var svakare. Med andre ord ideal som passar like godt i 2017 som i mellomalderen.