Kafeen

Nysteike vaflar ventar på deg i den vetle kafeen i Lensmannsstova. Kan hende du heller vil prøva Rikka Aga si krydderkake, eller krotakaker med smør, sukker og prim?

I kafeen kan ein ha ei god stund. Prata, sjå ut av vindauge, bla i ei bok. Omgitt av verk frå årets kunstutstilling kan ein nyta heimelaga smårettar servert med nytrakta fair trade kaffi eller lokal eplesaft.

Hardanger og Voss museum er miljøfyrtårnsertifisert og legg vekt på å nytta lokale råvarar. Agatunet har eigen urtehage og frittgåande høner som leverar egg til kafeen.

Kafeen har same opningstid som resten av tunet. Me tek og i mot større selskap både i og utanom opningstida. Hugs i så fall å tinga på førehand på tlf: 47479902/ 47479884, eller på e-post: agatunet@hvm.museum.no / post@hvm.museum.no

Flere bilder

  • Frå kafeen, foto Silje Solvi
  • Frå Grønastova, foto Silje Solvi
  • Utsikt frå kafeen