Norsk English

Fjordens liv

Bli med på ei reise ned i Hardangerfjorden, ned til ei verd me har visst lite om, til ei verd full av liv. Rett under der me sit og fiskar bur underlege, vakre og fargerike skapningar me ikkje før har sett.

Filmen Fjordens liv fortel om landskapet under vatn, og om kva sola, havstraumar og fjellvatn har å sei for livet i fjorden. Du møter artar som kamuflerer seg, artar som samarbeider, og artar som langt nedi mørke fjorden kommuniserer med lys og lyd. Du møter koralldyr og livet på korallreva, og får vita kvifor fjorden blir grøn. Filmen byggjer på foto og filmopptak ned til 450 meters djupn gjort under Havforskingsinstituttet sitt prosjekt Epigraph Hardangerfjorden.

Som innfallsport til Folgefonna nasjonalpark er Agatunet visningsplass for dette spennande biletspelet, som vert vist kvar dag i Agatunet sine opningstider. Biletspelet er inkludert i billettprisen.

Film: Pål Buhl-Mortensen
Foto og film: Erling Svensen, Rudolf Svensen, Helen Petersen
Arkivfoto og film: Erling Svensen, Rudolf Svensen, Helge Haukeland, Florian Graner, Jan Rabben, Helen Petersen, Mikal Heldal, Randi Storaas, Per R. Flood © Bathybiologica.no
Produksjonen er finansiert av: Noregs forskingsråd, Hordaland fylkeskommune, Direktoratet for naturforvalting, Fiskeridirektoratet, Folgefonna Nasjonalparksenter
Idé: Øystein Skaala, prosjektleiar Epigraph Hardangerfjorden
Produksjon: Havforskingsinstituttet
Manus og regi: Randi Storaas
Foto, film og lydopptak: Helge Haukeland
Musikk og lyddesign: Knut Halmrast
Lengd: 21 minutt År: 2012

Logo Folgefonna Nasjonalparks

Filer