Norsk English

Høner, lam og kaniner

Hels på høna Vakre Vera og kyllingane hennar,  alelamma og kaninene Guro og Johanne. Kvar sommar flyttar dei inn i Agatunet, til glede og nytte for vertskap og gjestar.

Høna Vakre Vera bur i Agatunet om sommaren. Saman med resten av hønseflokken trippar dei fritt i kring i tunet, og et gras, insekt og matrestar frå kafeen. Dei egga som ikkje skal verta kyllingar nyttar me vaffelrøra. Ikkje rart me har gode vaflar, med så gode egg!

Kaninene Guro og Johanne et helst gras, løvetannblad og eple. Dei likar best å springa fritt i kring, og når kvelden kjem er det slett ikkje lett å få dei heim att til buret.

Alelamma kjem frå nabogarden. Av ulike grunnar fekk dei ikkje mjølk av mor si då dei vart født, og difor lyt dei få mjølk på flaske. Desse lamma kan ikkje vera med dei andre sauene til fjells. Då er det hyggjeleg at dei i staden nyt godt av det grøne graset i Agatunet.

Flere bilder

  • Egg og epler
  • Martha passer på hønsene.
  • Julia og alelamma
  • Restar frå kafeen går ned på høgkant, foto Silje Solvi.