Smak nysteikte krotakaker

Kvar fredag i sommarferien fyrar Vikebygd og Aga Bygdekvinnelag opp i omnen i bakstekjellaren. Den gode duften av nysteikte krotakaker sprer seg i tunet, medan bakstekonene kjevlar, krotar og steiker.

Dei er dyktige med kjevla, bakstekonene frå bygdekvinnelaget. Kvar fredag formiddag inntek dei bakstekjellaren med store mengdar deig. Ein kjevlar, ein lagar høvelege emne, og ein fyrar i baksteomnen og steiker kakene.

Krotakaker er tradisjonsrik kost i Hardanger. Kakene liknar flatbrød, men deigen er laga av rugmjøl, vatn og gjær. Nytast turre med smør, eller bløytte med smør og prim. Me serverar krotakarer i kafeen.

Flere bilder

  • Krotakaker er laga av rugmjøl, kveitemjøl, vatn, salt og gjær.
  • Fyrst nyttar ein ei rutekjevle og så ei spesiell krotakjevle
  • Kakene vert steikte i ein kakeovn fyrt med oreved.
  • Røyken frå oreveden set ekstra god smak på kakene.