AGATUNET

Den Europeiske landsbyen i norsk versjon.

Agatunet er eit av dei få bevarte klyngetuna som vi hadde så mange av i Noreg i tidlegare tider, eit eineståande døme på vestnorsk byggjeskikk frå mellomalderen og fram til i dag.

30 av bygningane vart freda i samband med jordskiftet i 1938. Det har truleg budd folk her i over 3700 år. Det finst fornminne både i og utanfor tunet, som til dømes gravhaugar, offergroper og helleristingar.

Det eldste noverande huset er Lagmannsstova, som vart bygd rund 1250 av riddaren, riksråden og gulatingslagmannen Sigurd Brynjulvson. Saman med stova var det bygd med eit kapell. Lagmannsstova var bygd som eit "byhus", og skulle brukast som for representasjonsbustad. I dag er Lagmannsstova det einaste huset i sitt slag i Noreg.

Sigurd Brynjulvson drukna i 1303, og då vart garden delt mellom døtrene hans. Seinare har han vore delt fleire gonger til 9 bruk. På det meste var det ni bruk, 16 husmannsplassar og om lag 200 innbyggjarar i og utanfor tunet.

Garden har vore sentral når det gjeld fruktdyrking, handel over Hardangervidda og jaktefart til Bergen og Nord-Noreg. På det meste hadde seks jakter tilknyting til garden.

Garden har hatt kapell ( rive i 1811), skule, landhandelsmann, postkontor og telegrafstasjon. Dei særeigen skifertaka er frå Sollesnes i Jondal. Ein del utmarkshus, stølen, naustrekkja og nokre husmannsplassar er framleis i godt stand. Den over 300 meter lange og 17 meter høge skredvollen oppe i lia, som vart bygd i 2000, er og eit flott syn.

Omvisingar. Kafe. Kunstutstillingar. Mellomalderutstilling. Inventar og reidskapar. Folkedrakter. Brukskunstutsal. Vevstove. Fruktdyrkingsminnesmerke. Nortveita husmannsplass.
Merkte stiar i kulturlandskapet. Konsertar og arrangement. Spesialarrangement etter avtale.

Tunet er ope dagleg frå medio mai til medio august mellom frå klokka 10.00 og til 17.00
Omvising kvar heile time fram til klokka 1600. Ellers etter avtale

Billettsal for omvising og utstillingar i kafeen. Ellers gratis tilgjengefritt.
Billettprisar:
Enkeltpersonar NOK 50,-
Grupper over 10 pers: NOK 40,- pr pers.
Born under 16 år: gratis.

Agatunet er avhengig av billettinntektene for å halda bygningane ved like.

Agatunet ynskjer deg hjarteleg velkomen.

FOTO ALBUM FOTO ALBUM