Norsk English

Stilling ledig: Omvisar i Agatunet

Hardanger og Voss museum søkjer etter omvisarar til Agatunet i perioden 1. mai - 31. august 2017.

Omvisaren har ei viktig rolle i museet si publikumsretta verksemd. Hovudarbeidet vil vera å ta imot dei vitjande på ein god måte, og visa dei rundt i tun og utstillingar. Ein skal formidla det museet har å by på, særleg retta mot turistar.  I Agatunet er det omvising kvar heile time, der omvisaren tek med seg dei vitjande og fortel om livet i tuna, i tillegg til kunst- og kulturhistoriske utstillingar.

Omvisarane i Agatunet arbeidar og i kafeen, med servering, matlaging og reinhald. Det er vanleg at dei som er på jobb bytar på å ta omvisingar og å ta seg av kafeen. Det vert og arbeidsoppgåver i samband med konsertar og arrangement og dagleg reinhald.

Dagleg arbeidstid i Agatunet er anten 09.30 - 17.00 eller 10.00 - 17.30.

Me søkjer serviceinnstilte personar som har interesse for kulturhistorie, snakkar godt norsk og engelsk, og har god orden og gode samarbeidsevner. Personlege eigenskapar vil verta vektlagd. Løn etter avtale.

Søknaden må innehalda tidspunkt ein kan arbeida innanfor tidsrommet 1. mai - 31. august. Me har særleg trong for omvisarar tidleg i sesongen.

Spørsmål rettast til Agnete Sivertsen, tlf 95 93 46 98

Søknad med CV og referansar sendast til: personal@hvm.museum.no

Søknadsfrist 1. februar 2017.