Om oss

Agatunet er eit av dei få bevarte klyngetuna som vi hadde så mange av i Noreg i tidlegare tider. I tunet finn ein eineståande døme på vestnorsk byggjeskikk frå mellomalderen og fram til i dag.

30 av bygningane vart freda i samband med jordskiftet i 1938. Dei siste 20 åra har tunet vore ope for publikum i sommarhalvåret, med omvising, kafé, utstillingar, konsertar, servering og arrangement.

Det har truleg budd folk her i over 3700 år. Det finst fornminne både i og utanfor tunet, som til dømes gravhaugar, offergroper og helleristingar.

Det eldste noverande huset er Lagmannsstova, som vart bygd rund 1250 av riddaren, riksråden og gulatingslagmannen Sigurd Brynjulvson. Saman med stova var det bygd med eit kapell. Lagmannsstova var bygd som eit administrasjonsanlegg etter europeisk model, og vart nytta som representasjonsbustad. I dag er Lagmannsstova det einaste huset i sitt slag i Noreg.

Sigurd Brynjulvson drukna i 1303, og då vart garden delt mellom døtrene hans. Seinare har han vore delt fleire gonger til 9 bruk. På det meste var det ni bruk, 16 husmannsplassar og om lag 200 innbyggjarar i og utanfor tunet.

Garden har vore sentral når det gjeld fruktdyrking, handel over Hardangervidda og jaktefart til Bergen og Nord-Noreg. På det meste hadde seks jakter tilknyting til garden.

Garden har hatt kapell ( rive i 1811), skule, landhandelsmann, postkontor og telegrafstasjon. Dei særeigen skifertaka er frå Sollesnes i Jondal. Ein del utmarkshus, stølen, naustrekkja og nokre husmannsplassar er framleis i godt stand. Den over 300 meter lange og 17 meter høge skredvollen oppe i lia, som vart bygd i 2000, er og eit flott syn.

Flere bilder

  • Dei tretti vakre, gamle bygga er vel verdt eit besøk. Foto: Silje Solvi
  • Dei kraftige kjellarmurane er truleg bygd av skotske murarar. Foto: Silje Solvi
  • Sveinstova og den karakteristiske gullregnen. Foto: Silje Solvi