Norsk English

Forprosjektrapporten

Forprosjektrapporten for etablering av Norsk jordskiftesenter / Norsk senter for eigedomskunnskap er no ute på høyring. Styringsgruppa tilrår i rapporten at Agatunet, ved Hardanger og Voss museum søkjer om midlar for eit hovudprosjekt.

Bakgrunnen for prosjektet Norsk Jordskiftesenter / Norsk senter for eigedomskunnskap er at Agatunet i samband med jordskifte i 1938 vart freda og fekk museumsstatus. Jordskifte og den rike eigedomshistoria som tunet, garden og omgjevnadane representerer, dokumentert like frå mellomalderen, er ei svært viktig del av formidlinga og viste på ein god måte norsk eigedomshistorie og endringsprosessar.

Fylkesmannen i Hordaland ved landbruksavdelinga løyvde midlar til ei ideskisse. Med bakgrunn i denne løyvde Landbruks- og matdepartementet over Landbrukets utviklingsfond 1 million kroner til gjennomføring av forprosjekt "Norsk Jordskiftesenter". I tillegg har Ullensvang herad og Hardanger regionråd løyvd midlar.

Gjennom arbeidet har styringsgruppa for prosjektet konkludert med at det er rett å satse på å etablere eit nasjonalt kompetansesenter for eigedom og eigedomsutforming. I arbeidet er det lagt vekt på at det faglege innhaldet skal liggja solid i botnen for senteret. Det er difor utarbeidt fleire underrapportar som omhandlar dei ulike sidene som vedkjem oppbygging, innhald, etableringa og drift av eit Norsk jordskiftesenter / senter for eigedomskunnskap. Det er lagt opp til eit nært driftssamarbeid med Agatunet.

Filer

Flere bilder