Norsk English

Norsk Jordskiftesenter

Aga har sidan tunet vart freda vore formidlingsarena for historiske tema knytt til eigedom og eigedomsendringar. Arbeidet ved Agatunet har vist at jordskifte og dei store eigedomsendringane landet har vore gjennom, er lite kjende i dag. Dette ynskte Stiftelsen Agatunet å gjera noko med, og søkte difor om midlar til å utgreie mogelegheitene for å etablera eit nasjonalt kompetansesenter.

Hardanger er eit av hovudområda for jordskifte i Noreg og plasseringa ved det gamle freda nibrukstunet på Aga er eit naturleg val. Her ligg det gamle tunet med godt dokumentert eigedomshistorie frå mellomalder og fram til i dag saman med dei nye brukseinigane. Det unike er at dei ligg tett ved kvarandre i eit storslege landskap der ein lett kan lesa eigedomsendringane i bygningar, byggeskikk og landskap.

Senteret skal i tillegg til innsamling av kunnskap om jordskifte, også drive forsking, rettleiing og folkeopplysing om eigedomsendringar generelt. Denne bakgrunnskunnskapen vil kunna bli viktig reiskap for å skapa god eigedomsforvalting også i framtida.

Flere bilder