JORDSKIFTE
Verdt eit opplevingssenter?
 
Agatunet museum
Museet Agatunet er eit resultat av jordskfte. Frå omlag 1850 og til 1930 talet hadde dei aller fleste gardar i Noreg vore gjennom eit jordskifte i ei eller annan form.
 
Dei eldgamle eigedomsstrukturane og sosiale butilhøva var brote opp og nye meir praktiske driftseiningar og butilhøve var tekne i bruk.
 
Aga i Hardanger skulle og gjennom denne jordreforma. Det gamle mellomalderske klyngetunet med nær 90 hus skulle rivast og dei 9 bøndene skulle få nye driftsparsellar og tun.
 
Slik skulle det ikkje gå.
Aga gjekk gjennom jordskifte, men ulikt dei andre vart den sentrale delen av det gamle tunet med 30 hus freda og omgjort til museum. Stiftelsen Agatunet er driftsorganisasjonen.
 
Teigblanding og landsbyar
frå mellomalderen og fram til omlag 1900 hadde dei fleste gardar vorte delte fleire gonger slik at teigblandinga kunne minna om eit uoversiktleg lappeteppe. Teigane kunne i ekstreme tilhøve vera berre nokre på kvadrat og det finst døme på at to bønder kunne eiga kvar sin halvdel av eit epletre. Tuna hadde ofte utvikla seg frå einmannsgardar til større og mindre landsbyar. Sameige av bygningar var ikkje ukjent.
Det kunne ha sine fordeler å bu så tett, men det kunne og skapa store gnisningar mellom naboar og skapa mange praktiske problem. Dei gamle eigedomsstrukturane hindra og jordbruket i stor grad å ta i bruk dei tekniske nyvinningane som kom etter 1850.
 
Skulle det nye Noreg byggjast, måtte jordbruket vera i stand til å ta i bruk alt det nye.
 
Eigedomsrevolusjonen
Alt før 1814 vart problemet med teigblanding vist interesse men fyrst i 1822 fekk landet ei lov om jordskifte med det føremål å skapa betre diftstilhøve i landbruket. Fyrst då lova vart revidert i 1857 og ein fekk utdanna jordskiftefolk i tilegg til at staten kunne gå inn og yta økonomisk stønad, tok landbruksrevolusjonen til.
Dei gamle eigedomsstrukturane og bufelleskapa vart oppløyste og me fekk nye meir praktiske driftseiningar og bustader. Lappeteppet og landsbyane vart borte og eit nytt landskap stig fram, omlag slik me ser det i dag.
 
Kvifor eit jordskiftesenter?
  • Fordi det endra norsk landbruk.
  • Fordi det er historia om ei av dei viktigaste sosiale endringane i Noreg.
  • Fordi det endra utsjånaden til landsbygda.
  • Fordi dette er og historia om konfliktløysing.
  • Fordi me kan sjå på korleis slike konfliktområde vert løyste i andre land.
  • Fordi det er lærerikt.
  • Fordi ingen i dag fortel denne historia.
  • Fordi at me ikkje skal gløyma denne historia.
Kvifor Agatunet?
  • Lagmannstova er truleg det eldste rettslokale i landet.
  • Her kan eigedomtilhøva dokumenterast tilbake til mellomalderen.
  • Bleiediplomet som omhandlar eigedomstilhøve vart dømt og skrive her i 1293.
  • Ein av bøndene var på Stortinget då den fyrste lova vart vedteken i 1822. Ein annan då lova vart revidert i 1857.
  • Ein kan oppleva det gamle tunet og dei nye bruka side om side.
  • Jordskfte på Aga er allsidig. Det fortel og om skifte av skredfare.
  • Eit senter kan leggjast til ein løe bygd som resultat av jordskiftet i 1938.
  • Ei slik løysing kan vera sterkt kostnadsdempande.
  • Ved å ta landskapet i bruk kan ein oppleva eigedomane og det gamle tunet i fugleperspektiv.
  • Fordi det ligg til rette for ei juridisk løype: Frå Lagmannstova til Tingstova og Tingvika på Utne til den gamle skrivargarden på Hesthamar.
  • Fordi kulturbasert næring kan skapa aktivitet i eit område prega av nedgang i folketalet.
Eit ideprosjekt om jordskiftesenter lagt til Agatunet, støtta av Fylkesmannen i Hordaland, vart gjennomført i 2004.
 
For meir info:
Agatunet telefon 53 66 22 14