Norsk English

Ny datering av Lagmannsstova i Agatunet

Resultatet frå dateringsprøvene er no klare. Lagmannsstova vart reist ein gong mellom 1220-1230. Dette fleire tiår tidlegare enn ein har trudd til no.

I samband med restaurering av taket på Lagmannsstova på Aga vart det i august 2015 teke dendrokronologiske prøvar av materialet i bygningen. Jan Michael Stornes frå NIKU tok til saman 39 prøver på ulike bygningsdelar. Prøvane vart analysert på NTNU Vitenskapsmuseet av Terje Thun.

Resultatet er no klart. Lagmannsstova vart reist ein gong mellom 1220-1230. Dette fleire tiår tidlegare enn fyrst antatt.

Lagmannsstova på Aga har lenge vore eit bygg me har tilskrive riddaren, riksråden og Gulatingslagmannen Sigurd Brynjulvson Aga som sat i rådet til kong Eirik Magnusson med sete i Bergen. Sigurd døydde i 1303 og har på tidspunktet 1220-1230 ikkje vore fødd, eventuelt var han eit lite barn.
 
Såleis er det truleg slekta til Sigurd Brynjulvson som har reist Lagmannsstova, kanskje både far og bestefar hans i fellesskap. Dei må ha tilhøyrt ei rik og mektig slekt, truleg med tilknyting til maktapparatet og kanskje også med slektskap til kongen i Bergen. Det vil seie at lagnaden til Sigurd Brynjulvson kan ha vore avgjort allereie frå fødsel av. Han vart utdanna til jurist og seinare sendt på skular og universitet, fyrst til Bergen, deretter i utlandet.

Lagmannsstova er reist på tjukke, kalka murer, med tømra rom i andre høgda. Tilreisande arbeidslag av murarar og tømrarar har reist bygningen. Førebildet har truleg vore bygg i Bergen. Dette var ikkje vanleg byggeskikk for bønder i Hardanger på denne tida. Dei budde helst i røykstover med åre og jordgolv.

Lagmannsstova var ein del av eit større representasjonsanlegg, reist av ein rik og mektig slekt. Meir enn 60 år etter at bygget vart oppført, vart Lagmannsstova nytta som rettslokale for Lagmann Sigurd Brynjulvson under forhandlingane om grensene på garden Bleie. Avgjerda i saka er nedfelt i det kjente Bleiediplomet frå 1293.

Denne nye kunnskapen gjev grunnlag for vidare forsking på historia om Lagmannstova, og opnar for mange nye spørsmål. Kven bygde Lagmannsstova? Kva tilknyting var det mellom slekta til Sigurd og maktapparatet i Bergen?

Dateringa kan dessutan kasta ljos over dei andre storlegne bygningane som sto på Aga fram til 1811, då dei vart rivne. I tillegg til Lagmannstova hadde administrasjonsanlegget eit kapell, eit loft og ei stove som skulle ha vore enno staselegare enn Lagmannsstova. Materiale frå desse bygga er nytta som bygningsdelar i dei andre husa i Agatunet.

For meir informasjon, kontakt:
Anne Lise Brask Eriksen, bygningsvernkonsulent og prosjektleiar for restaureringa av Lagmannsstova, tlf: 99 29 65 08

Agnete Sivertsen, styrar på Hardanger folkemuseum og Agatunet, tlf: 95 93 46 98

Guttorm Rogdaberg, statsstipendiat, tlf: 95 09 60 30

Randi Bårtvedt, direktør, Hardanger og Voss museum, tlf 977 10 297