Norsk English

Føredrag om kalking med Chris Pennock

Agatunet

16.08.2018 19.00 til 20.00

Chris Pennock frå Nidaros kirkes restaureringsarbeider føredrar og fortel om kalking i samband med den pågåande restaureringa av den nedre kjellarmuren på Lagmannsstova.

Tidlegare i sommar bygde me kalkomn og brann kalk av lokal stein. I veke 33 nyttar me kalken til restaureringa av nedre kjellarmur på Lagmannsstova frå 1220, med opprinnelege metodar.

Chris Pennock frå Nidaros kirkes restaureringsarbeider leiar kalkinga. Torsdag 16.8.18 kl. 19 held han eit føredrag i samband med arbeidet. Han snakkar om lesking, mørtel, hot mix, og dei ulike prosessane med påføring av forskjellige lag og blandingar på veggen. Det vert synfaring av arbeidet i samband med føredraget. Ope for alle. Velkomne!