Norsk English

Føredrag 7.6.18: Landslova av 1274 som eit storverk i mellomalderen.

Lagmannsstova, Agatunet

07.06.2018 18.00

Kom og høyr professor i rettshistorie (UiB), og leiar av Landslovprosjektet 2014-2024, Jørn Øyrehagen Sunde, fortelja om Magnus Lagabøtes landslov av 1274, og korleis den både revolusjonerte det norske samfunnet, og gjorde Noreg verdsleiande i rettssamanheng.

Når Magnus Lagabøte i 1274 gjev si landslov, gjev han samstundes landet ei ny retning på fleire vis. Me kjennar berre to andre landsdekkjande lovbøker gjeve i Europa før Landslova, så Noreg får ein leiande posisjon i rettshistorisk samanheng. Lova har vore av svært stor tydning for nasjonsbygginga og statsdanninga i Noreg, på mange ulike nivå.

Eit av dei mest revolusjonerande trekka ved lova, var at den gav rettsvern til dei svake og underpriviligerte gruppene i samfunnet. Idéen om ein lik minimumsrett for alle mennesker må sjåast i samanheng med den sterkt religiøse overbygginga i mellomalderen, men å nedfella desse verdiane og dette tankegodset juridisk, var verkeleg heilt banebrytande. Magnus utvidar med dette omsorgsplikta frå ætt og kyrkje, til fellesskapet, og innleiar slik utviklinga mot det velferdsamfunnet me kjennar, og mest tek for gitt, i dag.

Landslova av 1274 kan på fleire ulike vis identifiserast som eit storverk i mellomalderen, og fekk og ein uvanleg lang verkningshistorie. Magnus Lagabøte vert med denne lova kanskje den største reformatoren Noreg har hatt. 

Kom og høyr Jørn Øyrehagen Sunde, ein av våre største kapasitetar på felta rettshistorie, mellomalder, og Landslova; og ein framifrå formidlar, fortelja om dette på alle måtar oppsiktsvekkande lovverket.  På Aga hadde me ein riddar og lagmann - Sigurd Brynjulvsson - som hadde nære band til kongemakta og var aktivt med og forvalta landslova. Føredraget finn stad i Sigurd si storstove - Lagmannsstova -  eit av dei eldste rettslokala me har i landet, der Landslova var nytta og handheva. Vel møtt til ein interessant og engasjerande stund!