Norsk English

Konsert Knut Hamre, Lajla Renate Buer Storli og John Ole Morken

Lagmannsstova, Agatunet

22.07.2017 15:00

Laurdag 22. juli kl 15 vert det konsert i Lagmannsstova med Knut Hamre, Lajla Renate Buer Storli og John Ole Morken. Det vert og foredrag om treskjerar Trond Utne.

Meisterspelemann Knut Hamre kjem til Agatunet saman med Lajla Renate Buer Storli og John Ole Morken. Saman byr dei på mellomalderballader, slåttar frå fjorden og pols frå Røros.

Etter konserten held Brynhild Utne foredrag om far sin, treskjerer Trond Utne. Han var elev av Lars Kinsarvik, og har laga nokre fantastiske møblar som Agatunet har fått i gåve.

Konsertane i Agatunet vert arrangert i samarbeid med Hardanger folkemusikksamling og med støtte frå Norsk kulturråd.

Logo, Norsk kulturråd