Norsk English

Sesongopning, kunstutstilling og konsert

Lagmannsstova, Agatunet

13.05.2017 15:00

Agatunet inviterar til opningsarrangement laurdag 13. mai kl 15.00. Det vert  opning av Kunstutstillinga 2017 og konsert med Marit Karlberg og Frank Rolland.

Program:

Kl 10.00 Agatunet opnar.

kl 15.00 Opningsprogram i Lagmannsstova

Årets kunstutstilling syner verk av Håkon Bleken, Gunnveig Nerol, Eli Raa Nilsen og Sally Nossen.

Det vert konsert med Marit Karlberg, langeleik, harmonium og song, og Frank Henrik Rolland, hardingfele. På konserten får de høyre folkemusikk frå Valdres og Hardanger. Karlberg og Rolland har blant anna grave i notenedskrifter etter folkemusikksamlaren Olav Sande (1850-1927). Sande reiste rundt på Vestlandet og samla inn folketonar.

Tunkafeen er ope både før og etter programmet.