Norsk English

Konsert Marit Karlberg og Frank Rolland

Lagmannsstova, Agatunet

13.05.2017 15:00

Konsert i Lagmannstova, Agatunet. Marit Karlberg, langeleik, harmonium og song. Frank Henrik Rolland, hardingfele. Laurdag 13. mai kl. 15.00.

På konserten får de høyre folkemusikk frå Valdres og Hardanger. Karlberg og Rolland har blant anna grave i notenedskrifter etter folkemusikksamlaren Olav Sande (1850-1927). Sande reiste rundt på Vestlandet og samla inn folketonar.

Marit Karlberg har ei av dei mest særeigne kvedarstemmene i Noreg. Ho har sikker stilkjensle, og er kreativ og nyskapande. Ho har bruka mykje tid på å leite i gamle songbøker og arkiv, og har utvikla sin eigen spelteknikk på langeleiken som ho brukar til akkompagnement. Karlberg var med i vokalgruppa Dvergmål (1995 - 2005) og er aktiv med duoen Sudan Dudan i lag med Anders Erik Røine. Karlberg har arbeidd som distriktsmusikar i Valdres, og er utdanna bibliotekar.

Frank Henrik Rolland, hardingfelespelar frå Hardanger og fylkesmusikar i Hordaland. Læraren hans på hardingfele har vore Knut Hamre, og han har sjølv vore lærar for ei rekkje yngre felespelarar ved musikkskular i Hardanger. Rolland gav ut den første soloplata si i 2008: Hardingfele. Her fordjupar han seg i klassiske slåttar frå Hardanger, som han framfører i presise og nyanserike versjonar.

Konsertane i Agatunet vert arrangert i samarbeid med Hardanger folkemusikksamling og med støtte frå Norsk kulturråd.

Logo, Norsk kulturråd