Norsk English

Møte i Ridderklubben!

Agatunet

06.06.2016 16:30 til 19:30

På onsdag kl 16 vert det møte i riddarklubben. Me skal prøva ekta riddarutstyr, etterpå vert det planleggingsmøte. Vel møtt nye og gamle riddarvener!

Bakgrunn

Kjellaren på Lagmannsstova, huset der det ein gong budde ein ekte riddar, har blitt til klubblokalet. Her kan ein for eksempel teste riddarhesten, prøve ut ein ekte kongestol, kle seg ut som riddar eller vakker jomfru, byggje borg, teikne, lese, uforske rommet mm. 

Om klubben

Riddarhistorie har stor appell I Riddarklubben vil me ta vare på og utvikla born si interesse for historie på  lystbetont og leikande vis. I sentrum står den heilt spesielle historia knytt til Sigurd Brynjulvson, riddaren og langmannen som budde i Lagmannsstova på Aga.

Ein riddar var ryttar og krigar. Men det var viktig at ein riddar stod fram som eit god eksempel på høvisk åtferd, på å vere respektfull overfor andre og ta vare på dei som var svakare. Med andre ord ideal som passar like godt i 2016 som i mellomalderen.

Klubben er open for alle born frå ca 4 - 12 år, medlemskap kostar kr 50 pr år.