Norsk English

Knut Aga, jaktefarten og Urda

Johansstova i Agatunet

15.06.2016 19:00

Onsdag 15. juni kl 19.00 held Guttorm Rogdaberg foredrag i Agatunet om Knut Aga, jaktefarten og Urda.

For nokre år sidan dukka den legendariske Knut Aga, (Jakobs-Knut) si største jakt, Urda, opp i Nordnoreg. Forkledd som sildesnurpar med namnet Aamnes.

Etter eit par redningsaksjonar og mykje hell ligg båten no på Isegran ved Fredrikstad og skal restaurerast tilbake til prakta ho hadde då ho vart bygd i Rosendal i 1882. 

Med tid og stunder vil den verta Agatunet, Rosendal og Hardanger sin flytande ambassadør i Oslofjorden.

Onsdag kveld vil de få høyra denne soga. Men og sogene om den vidkjende nordlandsskipparen Knut, som fekk bygt båten, og om den fantastiske jakteperioden i Sørfjorden, då dei mest populære gutane i fjorden lukta tjøre.

Etterpå vert det kveldsete.