Norsk English

Konsert Frank Rolland

Lagmannsstova

07.05.2016 15:00

Agatunet opnar sesongen med konsert med Frank Rolland, laurdag 7. mai kl 15.00 i Lagmannsstova.

Frank Rolland har vore tilsett som fylkesmusikar i Hordaland sidan 1996 og har arbeidsplass her på Hardanger folkemuseum der han mellom anna tek hand om det rikhaldige folkemusikkarkivet. Rolland er fyrst og fremst soloutøvar, men har samarbeidd med ei rekkje andre musikarar og musikkformer. Han tok til å spela hardingfele i musikkskulen med Knut Hamre som lærar. Hamre har sidan vore den fremste læremeisteren. Rolland har utdanning frå folkemusikklina ved Fagernes v.g. skule. Han har vore knytt til musikkskulane i Hardanger som lærar og har vore instruktør på ei rekkje kurs og samlingar, og gjeve ut fleire CD-ar, mellom anna Hardingfele som kom i 2008.

Konsertane i Agatunet vert arrangert i samarbeid med Hardanger folkemusikksamling og med støtte frå Norsk kulturråd.

Logo, Norsk kulturråd