Norsk English

Bevar meg vel

Agatunet

04.05.2016 10:00

Velkomen på arkivseminar i Agatunet 4. mai, om vern og bruk av arkivmateriale, gamle brev, dokument, bøker og bilete. Seminaret er ope for alle interesserte.

Med bakgrunn i ei gamal brev, dokument og boksamling på Aga vil dags-  seminaret ta for seg ulike spørsmålsstillingar ein har når ein står med ei samling gamle papir og bøker i hendene. Kan gamle dokument og bøker, som med fyrste augekast er uleselege, ha noko verdi? Kan til dømes eit gammalt amerikabrev gje oss kunnskap om skrive- og lesekunne og fortelja om ulike sider av levd liv, som kan gje paralellar til den migrasjonen me opplever i dag, og vera til rettleiing inn i framtida?

Mange har etter rydding opprådd spurt seg sjølv: Kva gjer eg med dette? Er det noko eg bør, eller kan ta vare på for ettertida, eller er ovn og søppeldunken alternativet? Kvifor skal eg ta vare på dette? Og kva gjer vi.  Korleis sortera, oppbevara forsvarleg og om ynskjeleg, korleis bruka dette materiale som bakgrunn for artiklar og biografiar? Korleis leita i arkiv? Etiske og juridiske spørsmål knytt til bruk? Dette, og mykje anna vil seminaret ta for seg.

Seminaret er ope for alle interesserte. Påmelding innan 22. april på e-post: agatunet@hvm.museum.no eller på telefon: 474 79 884.

Program

09.00 - 10.00    Registrering
10.00 - 10.15    Opning, Velkomen
10.15 - 11.00    Mirjam Hladnik: Letters and life stories: What correspondence can tell about past and future
11.00 - 11.45    Anne Aune:Bevaring av privatarkiv. Kven har ansvar og korleis samarbeida?
11.45 - 12.00    Pause
12.00 - 12.45    Per Ivar Tautra: «Da vi tidt have Beviser paa, at du og Dine med Kjærlighed kommer os ihu..» Ein syskenflokk dokumentert i gamle Agabrev
12.45 - 13.45    Lunsj
14.00 - 14.45    Birgit Jaastad: To brør, to lagnader, to liv. Kva 150 år gamle brev kan fortelje.
14.45 - 15.30    Nils Olav Østrem: «Bonden har nu fået opladte Øine:»      Stortingsmennene Sven Mossige og Johannes Aga skriv brev i 1820-/30 åra.
15.30 - 15.45    Pause
15.45 - 16.15    Guttorm Rogdaberg: Ei kiste med gamle brev og hyller med bøker. Kva verdi har det for eit kulturminnet som Agatunet.
16.15 - 17.00    Spørsmål, diskusjon og samandrag.
Innlegg på engelsk vert oversett til norsk.
18.00        Middag i Agatunet   

Filer