Norsk English

Kristi Kinsarvik

Johansstova, Agatunet

21.10.2016 19:00

Kristi Kinsarvik fortel om treskjærar Lars Kinsarvik, fredag 21. oktober kl 19.00 i Johansstova i Agatunet

Lars Trondsson Kinsarvik var treskjerar, skribent og spelemann. Han vert ofte kalla for skaparen av den norske stilen, og fekk stor innverknad på korleis norsk treskjerarkunst utvikla seg ved forrrige århundreskifte. Han var særleg inspirert av drakestilen og norrøn mytologi.

Fredag kjem barnebarnet til Lars, songar og skodespelar Kristi Kinsarvik, til Agatunet og fortel om den namngjetne bestefar sin. Ho har og med seg Oddmund Urheim sine viser.