Norsk English

Jon Godal: Lagmansstova og val av material

Johansstova i Agatunet

10.09.2015 19:00 til 23:59

Torsdag 10. september kl 19.00 held Jon Godal foredrag i Agatunet.

I samband med restaureringa av taket på Lagmannsstova inviterer Agatunet alle interesserte til foredrag i Johansstova. Fyrst ut i ei rekkje på tre foredrag er Jon Godal. Godal er tidlegare rektor på Fosen folkehøgskule, har vore tilsett ved Norsk handverksutvikling på Maihaugen, og er kjend for sin store kunnskap og interesse for material og materialforståing. I foredraget Lagmannsstova og val av materiale for me mellom anna høyra om kvifor eldre tremateriale ofte er så varig, og korleis ein vel ut rett tre til rett bruk.

Foredraget tek til kl 19.00 og både før og etter foredraget er det ope i kafeen og i siderkjellaren.

Billettar kr 70,- inkluderer kaffi.

Fredag 11. september kan dei som vil slå fylgje med Godal i skogen kring Agatunet og vera med å vurdera emne til ulikt material. Oppmøte i Agatunet kl 9.00.