Norsk English

Hans Marumsrud: Om spretteljing og findalslaft

Johanstova i Agatunet

22.09.2015 19:00 til 23:00

Førstkomande tysdag kl 19 er det klart for nytt føredrag i Agatunet, denne gong ved Hans Marumsrud - Om spretteljing og findalslaft.

Hans Marumsrud er tradisjonshandverkar med eit særleg ansvar for og erfaring frå restaurering av stavkyrkjer.  Kva verkty og teknikkar vart brukte i mellomalderen? Marumsrud vil særleg fokusere på spretteljing og findalslaft. Marumsrud har fulgt tøkvøla på Lagmannsstova tett dei siste vekene med  faste arbeidsdagar i Agatunet.  

Det vert open kafe og siderkjellar mellom kl 18.30 og 23 denne kvelden.

Førelesinga er andre i rekkja som vert sett opp denne hausten. Siste vert 8. oktober, då gler me oss til å høyre Jørn Øyrehagen Sunde og føredraget; Kva skulle Sigurd Brynjulvson med Lagmannsstova?