Norsk English

Konsert Berit Opheim og Benedicte Maurseth

Lagmasstova i Agatunet

29.05.2015 19:00

Agatunet opnar sesongen med konsert med Berit Opheim og Benedicte Maurseth, fredag 29. mai kl 19.00 i Lagmannsstova.

Berit Opheim er ein av våre fremste og viktigaste kvedarar. Stemma hennar har nærast ingen grenser, og Berit har dei siste åra drive med kunstnarisk verksemd på scener i Norge, Europa og Asia. Ho er medlem i fleire ensemble og ein etterspurt songar både innan folkemusikk, jazz og samtidsmusikk.

Benedicte Maurseth byrja å spela hardingfele då ho var sju år gamal hjå meisteren Knut Hamre, og tradisjonsmusikken frå Hardanger er spesialfeltet hennar som ho også har studert ved Ole Bull Akademiet. I dei seinaste åra har ho også arbeidd som songar, og sjølv om det er den solistiske musikken som står hjarta hennar nærast, arbeider ho også med mange av dei fremste kunstnarar på tvers av sjangrar, særleg innanfor tidlegmusikken, men også mykje saman med forfattarar og skodespelarar.

Konsertane i Agatunet vert arrangert i samarbeid med Hardanger folkemusikksamling og med støtte frå Norsk kulturråd.

Logo, Norsk kulturråd