Norsk English

Dugnad!

Lagmannsstova

18.11.2015 10:00

Onsdag 18. og torsdag 19. november vert det dugnad i Lagmannsstova i samband med restaureringsarbeidet. Oppstart kl 10.00 begge dagar.

Agatunet venelag arrangerer dugnad i Lagmannsstova i samband med at den store takrestaureringa nærmar seg slutten. Før restauringa tok til vart det meste av inventar flytta ut. No er det trong for å vaska huset og setja ting på plass att. Venelaget håpar mange medlemmar og andre vert med på dugnaden.

Spørsmål kan rettast til Guttorm Rogdaberg, tlf 95096030

Hjarteleg velkomne!