Norsk English

Kva skulle Sigurd Brynjulvson med Lagmannsstova?

Johanstova, Agatunet

08.10.2015 19:00

Siste føredrag i samband med restaureringa av Lagmannsstova er ved rettshistorikar Jørn Øyrehagen Sunde.

Lagmannsstova på Aga var del av eit langt større bygningskompleks. Ved sida av å vera ein del av residensen til ein av dei viktigaste aristokratane i det norske riket, gjorde Lagmannsstova teneste som eit signalbygg for kongen sin administrasjon av det norske riket. Lagmannen var ein viktig figur i denne administrasjonen. 

Gjennom å granska og forstå denne funksjonen til Lagmannsstova på Aga på særleg 1290-talet, får ein dermed innsyn i korleis Noreg kunne veksa fram som eit særs fredeleg og velfungerande kongedøme i denne perioden.

Dei to førre føredraga har retta fokus på dei bygingsmessige sidene ved Lagmannsstova, den høge kvaliteten på handverket og kunnskapen ein hadde  kring materialval. I dette siste føredraget tek Øyrehagen Sunde oss med til Noreg i høgmellomlalderen og set bygget og lagmannen inn i ein nasjonal samanheng.  

Kafè og open siderkjellar 18.30 - 23.

Me gler oss - vel møtt!