Norsk English

Matinékonsert

Lagmannsstova i Agatunet

03.08.2014 13:00

Sundag 3. august kl 13.00 er alle velkomne til klassisk matinékonsert i Lagmannsstova i Agatunet. På programmet står musikk av Bach, Hendel, Marcello, Brahms, Vivaldi og Morricone framførd av Edyta Bryk på fiolin og Agnieszka Zwolska på obo.

Dei to musikarane held konsert i Bleietunet i fjor, til stor glede for dei mange frammøtte. Me gler oss no til å høyra dei i Lagmannsstova, med den unike akustikken og stemninga riddarsalen byr på.

AGNIESZKA ZWOLSKA - OBO
har mastergrad i musikkpedagogikk frå Warsaw Music University. For tida er ho obo solist i Warmia-Masuria Philharmonic i Olsztyn, Polen. Ho er to gangar vinnar av  International Woodwind Competition i Olsztyn. Ho spelar også med Con Brio Quartet (www.conbrio.pl ), har turnert Europa med mange orkester, inkludert det velkjente rockebandet YES. I tillegg til solistoppdrag for profesjonelle orkester i Polen arbeider Zwolska også som lærar og pedagog.

EDYTA KINGA BRYK - FIOLIN
har mastergrad i musikkpedagogikk og fiolinframføring frå Warsaw Music University og University of South Florida. Ho har ti års erfaring frå Chamber Philharmonic i Lomza, Polen, og har opptredd med fleire orkester i Florida, Tyskland og Bermuda. Som musikklærar har ho undervist ved musikkonservatoria i Polen, University of South Florida, musikkskular for born i Florida, School of Performing Arts i Bermuda, der ho hadde ansvar for eit strykeinstrumentprogram retta mot elevar ved Whitney Middle School. I 2010 flytta Bryk til Noreg, og bur og arbeidar her i Ullensvang. Etter at ho etablerte seg i Ullensvang har ho mellom anna vore solist for Fossegrimen symfoniorkester, og nyleg opptredd i operaen i Bergen.

Konsertane i Agatunet vert arrangert i samarbeid med Hardanger folkemusikksamling og med støtte frå Norsk kulturråd.

Logo, Norsk kulturråd