Norsk English

Konsert, fest og dans i tunet

Asbjørnsløa i Agatunet

09.08.2014 19:00

Birgitte Grimstad held konsert i Lagmannsstova laurdag 9. august kl 18.00. Etter konserten vert sesongen avslutta med dans og moro i Asbjørnsløa. Agatunet venelag står bak arrangementet, og gler seg til å fylla løa med danseglade gjestar.

Til Agatunet kjem Grimstad med minikabareen Lune glimt fra «FIREHUNDREÅRIGNATTEN», et uærbødig skråblikk på dansketiden. Framsyninga er ei historiefortelling med rikt islett av anekdoter, mellomalderviser, skillingsviser, futeviser, dikt og eventyr, med tekster av Ludvig Holberg, Johan Herman Wessel, HC Andersen, Åsmund O. Vinje, Henrik Ibsen, Henrik Wergeland, Piet Hein, Halfdan Rasmussen, Benny Andersen m.fl. - samt ljosbilete av alle dei rare danskekongane.

BIRGITTE GRIMSTAD
Er født i Danmark i 1935, busett i Noreg sidan 1959. Ho har teaterutdanning frå USA, og har jobba som produser i NRK TV, og laga ei rekke barneprogram i radio og TV. Ho slo gjennom som visesongar på 1960-tallet, og har sidan turnert i Norden, Europa og USA. Ho har spela inn eit 20-tals LP'ar og CD'ar.

Mange kjenner nok Grimstad frå gruppa Ballade (1978 - 81), som ho starta saman med Åse Kleveland, Lars Klevstrand og Lillebjørn Nilsen.

Ho har undervist i stemmetrening på Baardar Musikalakademi, Nordic Black Theatre og for friteatergrupper og vokalister. I 1991-92 reiste ho jorda rundt med ryggsekk og studerte
stemmer i andre kulturar. Grimstad har dei siste åra opptredd med musikalske kåseri og litteraturprogram, m.a. på seniorakademi og bokkafear.

DANS I LØA
Trioen Polka med støyt vitja Agatunet i fjor, til stor glede for alle danseglade gjestar. Også i år tør me lova den perfekte blandinga av mengdar av gode danseslåttar og hardangersk valsaspel, som trioen er så kjend for. Polka med støyt betår av Siri Dyvik og Øystein Velure på hardingfele og Magne Velure på piano og trekkspel. Agatunet venelag syter for servering av både mat og drikke.

Sjå www.polkamedstoyt.info.

Konsertane i Agatunet vert arrangert i samarbeid med Hardanger folkemusikksamling og med støtte frå Norsk kulturråd.

Logo, Norsk kulturråd